Endelig har vi vært så heldige å få Wenche Øyen tilbake i galleriet.
Åpent hver søndag frem til 9 juni.

Her er Einar Økland sine ord om henne:
«Wenche Øyen har to eigenskapar sams med vår store Munch: Ho er – nærast av gemytt og utilsikta – ein suveren teiknar. Som malar har ho tilliks med han ein permanent subjektiv identitet i alt ho viser oss. Same kva det er, vi kjenner henne alltid att i alt ho lagar.. Også dette verkar vere meir natur enn kultur hos henne. Men – ho har dertil eit kunstgrep som eg sjeldan har sett omtalt: Reint motivmessig er ho ein fabelaktig minimalist og kan difor – kanskje meir enn Munch – unnvere figurativ dramatikk i bilda sine.
…..nesten som om det var arkitektur, på same tid som det svevar og pulserer atmosfærisk. Heilt og laust og likevel så personleg.

Flyktig og på same tid evig.
Eg er permanent takksam for at eg har fått møte Øyens kunst og Øyen som kunstnar i mi samtid. Ho har eit kunstnarleg alvor som også kan opplevast herleg, seier eg til meg sjølv. Det må seiast og det gjer ikkje noko at andre høyrer det.»

Einar Økland